Høringssvar om handlingsplan for norsk fagspråk

Foreningen Nordens innspill til Kunnskapsdepartementet, levert 27. april 2023

Foreningen Norden sett pris på at Kunnskapsdepartementet, i samarbeid med Kultur- og likestillingsdepartementet, opnar for innspel i arbeidet med ein handlingsplan for norsk fagspråk. Foreningen Norden er ein ideell medlemsorganisasjon, som både er ein kulturberar og en pådrivar for meir nordisk samarbeid. Her er våre innspel i høyringa.

1. Utfordringane for norsk fagspråk i akademia og årsakene bak

Mangel på god språkteknologi

Ei openberr utfordring for norsk fagspråk i akademia, er at det ikkje finst tilstrekkeleg språkverktøy til å hjelpe studentar og forskarar. Ein vil ofte oppleve at språkteknologi, som vi nyttar kvar dag, til dømes gjennom digitale søk, stavekontroll, syntetisk tale og automatiske omsetjing, ikkje gjev gode resultat og ikkje følgjer språklege normer på dei mindre språka, som norsk og dei andre språka i Norden. Det er ei utfordring både i og utanfor akademia.

Dei enorme mengdene informasjon som er tilgjengeleg på engelsk på nettet, gjer at språkteknologi i stor grad blir utvikla ut ifrå premissane i engelsk språk. Over tid er det stor risiko for at språkteknologien vi omgjev oss med, påverkar korleis vi brukar språket.

Mangelen på språkteknologi som støttar dei mindre språka, er altså ei utfordring for språket vårt, både i og utanfor akademia. Dette i kombinasjon med at det per i dag ikkje finst ei fullenda oversikt over norsk eller nordisk fagterminologi, er uheldig. Når det ikkje finst eit godt omgrep på vårt eige språk, blir det opp til kvar enkelt å anten omsetje sjølv eller velje det engelske omgrepet. Vegen er da kort til å nytte seg av det engelske omgrepet, då fagspråk blir fastsetje av eit vitskapeleg fellesskap og ikkje enkeltindivid.

Insentiv

Ei anna utfordring er at det ofte finst fleire insentiv – til dømes økonomisk eller med tanke på rekkevidde – for å velje engelsk som publiseringsspråk for forskinga. Det er ein vanskeleg balansegang mellom internasjonal anerkjenning og å forvalte samfunnsmandatet med å fremje forsking tilgjengeleg for det norske og nordiske samfunnet. Om språket vårt tapar terreng i akademia, vil ein raskt sjå konsekvensane gjennom enda fleire spor frå engelsk i andre delar av samfunnet, både munnleg og skriftleg. Å styrkje statusen til det norske språket, vil vere avgjerande for utviklinga.

2. Aktuelle tiltak for å styrkje norsk fagspråk

Språkteknologi

God språkteknologi, som støttar norsk og dei andre nordiske språka, altså blir stadig viktigare. Å tildele middel for å styrkje språkteknologien framstår som eit naturleg tiltak. Dei nordiske landa har gode moglegheiter for å ta grep og motverke språkleg domenetap, om vi opprettar eit tett samarbeid.

Overordna, forpliktande nordisk samarbeid om fagspråk

Vi treng eigne faguttrykk, som ikkje er lånt frå engelsk. For å lukkast med det, bør faguttrykk bli utarbeida i tett samarbeid med våre nordiske naboar, som vi deler desse utfordringane med. Eit overordna, forpliktande nordisk nettverk for fagspråk bør vere eit aktuelt tiltak. Dei språklege likskapane mellom dei skandinaviske språka gjev store moglegheiter for å nytte etablerte fagord frå kvarandre, og moglegheiter for å utvikle gode faguttrykk i fellesskap, om omgrepet i seg sjølv berre finst på engelsk. Samarbeid, og å hente erfaring frå universiteta i dei nordiske landa, framstår som vesentleg. Å sjå til naboane våre, vil vere med å byggje opp eit solid fagspråk, som er funksjonelt for Norden som heilskap. Å styrkje Nordterm og Termportalen er naturlege tiltak framover.

Byggje opp nordiske tidsskrift

Ein måte å fremja nyttig samarbeid på, kan vere å byggje opp dei nordiske tidsskrifta. Dette vil ikkje berre fremje nordisk forsking, men også bidra til at ein får eit fagfellesskap med stor rekkevidde, også utanfor Norden. Målet må vere at forskinga er så god, at ho blir omsetje til engelsk – ikkje forfatta på engelsk. Med eit nordisk fellesskap i fagterminologi, vil det òg bli ei enklare oppgåve å omsetje artiklane til engelsk.

3. Andre innspel

Ein forsvinnande liten del av det som blir publisert i akademia, er på norsk. Det er ei utfordring for fagspråket, språket og menneske etter fullført utdanning. Sidan formålet med handlingsplanen er «å setja i verk tiltak som er kraftfulle nok til å gi ei reell styrking av norsk fagspråk», kan ei delløysing vere å setje ei øvre grense for den engelskspråklege delen av undervisning, publisering og pensum, der det er praktisk mogleg.

Relaterte artikler

No items found.
Nyhetsarkiv