Båhuslen – frå norsk rikssentrum til svensk utkant

Ikkje gå glipp av moglegheita til å bli kjent med ein viktig, men gløymt del av historia. For Båhuslen, som i dag er mest kjent som ein destinasjon for ferie og handleturar, var ein gong det viktigaste landskapet i Noreg.

Båhuslen – frå norsk rikssentrum til svensk utkant
Med Thomas Andersson, forfattar, arkeolog og historikar. Han har skrive boka Bohusläns historia.

Arrangert av Bærum Mållag, Foreningen Norden, Voksenåsen og Norsk-Svensk Forening
Torsdag 4. mai kl. 19.00-21.00, Voksenåsen, Ullveien 4, Oslo

Eit møte med ein gløymt del av norsk historie. Om eit landskap som var sentral del av Noreg i mellomalderen, men som i dag er borte frå vårt historiske medvit.  Vi kjenner det som eit ferieparadis i Sverige og attraktivt mål for innkjøpsturar.  Men Båhuslen er full av norsk historie. Det var her Olav Kyrres hadde sitt Haukabø, i dag Håkeby, og det var her Sigurd Jorsalfare gjorde Konghella til maktsentrum i sitt rike, den viktigaste byen i Noreg på 1100-talet.

Her møttest kongane

Viktige kampar i den norske borgarkrigen mellom 1130 og 1240 vart utkjempa her. Den norske riksstyraren Gregorius Dagsson vart drepen i eit slag like ved Oddevald, i dag Uddevalla, i 1161.  Ved dette landskapet gjekk grensene mellom dei tre nordiske rika. Her møttest kongane. Båhuslen var sentralt i nordiske konfliktar og alliansar, og hadde i seinmellomalderen spiren i seg til å utvikle seg til eit eige ”mellomnordisk” kongerike. Etter freden i Roskilde i 1658 vart Båhuslen svensk. Bohuslän mista betydning og vart ein utkant i Östersjø-orienterte Sverige.

Velkomen til Voksenåsen! Inngangspengar: 100 kr.

(Foto: Per Pixel Petersson) 

Relaterte artikler

Nyhetsarkiv