Ein gleðileg islandsk jól – med ein svært spesiell odør!

Dei islandske juletradisjonane er ikkje så ulike våre, men det er nokre viktige skilnader. Kva ville du sagt til å få 13 julenissar på vitjing, kvar dag, heile 13 dagar før jul? Kva seier du til gravet skate og kjøt røykt med sauemøk som brensel? Dette og mykje meir gjer islendingane klare til å feira jul!

Tekst: Karvel Strømme

Foto: 3 Frakkar restaurant (Baldursgata 14, 101 Reykjavík.)

Om skribenten: Karvel Strømme fra Fitjar har islandsk mor og norsk far. Han har reist som guide til Island i over 25 år. (Her peker han utover mot Snæfellsnes og Snæfellsjøkull, sin mors fødested.) Karvel er opptatt av å vise nordmenn at Sagaøya er mye mer enn jordskjelv, vulkanutbrudd og Vigdis, den tidligere presidenten. Med denne teksten får du et skikkelig dypdykk i islandske juletradisjoner, fra uskikkelige nisser til rypemiddag og gravet skate. (Noen av tradisjonene er du muligens glad for at vi ikke har her?)

Jula i år blir nok spesiell på fleire måtar for islendingane, slik som ho blir for dei fleste land i Europa, ja, for heile verda eigentleg. Men kjenner eg islendingane rett,så vil dei ikkje la dette gå ut over dei gamle tradisjonane.

Langt ifrå ein godsleg julenisse

Dei islandske nissane, eller jolasveinane, som islendingar kallar dei, er langt ifrå den godslege julenissen vår. Og ikkje nok med det; mor deira er minst like skummel. Ho heiter Gryla, og dukka opp i islandsk folketru  på 1200-talet. Til og med Snorri Sturluson har omtalt Gryla  i Snorri-Edda, og når ho kom ridande til gards, hadde ho alltid med seg ein hale med likesinna, og då var det fare på ferde. Ordet tyder eigentleg trollkjerring eller heks, og både var og er seinare brukt om noko skummelt og uforutsigbart. Like utanfor byen Hveragerdi (= Varmekjelde-byen), er det ei varm kjelde, ein geysir, som er nett slik. Best som det er tek ho til å senda kokande vatn til vers, og då er det best å halda seg unna. Denne kjelda heiter sjølvsagt også Gryla. Då Snorri Sturluson kom ridande til Alltinget på Thingvellir i 1217, med ein flokk på 600 væpna menn (deriblant 80 austmenn = nordmenn), var det om å gjera å setja seg i respekt og demonstrera makta si. Difor bygde han seg og ei ny bu på staden, der han skulle opphalda seg medan tinget varte,  og han kalla bua si for Gryla.

Parallell til den danske overmakta

Favorittmaten til Gryla var slemme barn, og dette finn me jo igjen i mange andre europeiske tradisjonar. Men det er få som kan måla seg med denne Gryla sin apetitt, og det er ikkje vanskeleg å finna samanheng med dei gamle norrøne heidenske mytane. Men det er først på 1700-talet at Gryla blir knyta direkte til jula og julefeiringa. Då kan me finna segner og  vers om korleis Gryla luskar rundt på jakt etter barn som hyler, skrik og masar og plagar mødrene sine. Ho prøvde seg og på barn som var lydige og flittige, men der kom ho ingen veg. Det var ikkje vanskeleg for den jamne islending å finna parallell til Gryla i dagleglivet, og den fann dei i den danske overmakta, som tynte islendingane med alle slags urimelege lover og «forordninger», som til dømes at ein islending ikkje hadde lov å eiga fiskesnøre.

Gryla hadde ein katt, Jólakötturinn, som sjølvsagt jakta på folk for å eta dei. Foto: Icelandair.com

Noko heilt anna en den heilage Nikolas

På denne tida finn me og for første gong Gryla-kvad som er knytt til jula , og at ho har barn, eller julesveinar, med trollet Leppaluda. Dermed er dei islandske julenissane blitt noko heilt anna en den heilage Nikolas. Dei blir skildra som nokre skikkelege rakkarar, som ranar til seg barn og puttar dei i ei stor kiste eller i ein sekk. Oppover i tida blir dei stadig brukte som døme på mindre gode sider både ved samfunnet og einskildpersonar. I eit angrep på ei islandsk radikal avis, Landstiðindin, brukar ein lesar følgjande ord like før jula 1850: «Tiiðindin har bode  seg sjølv opp til dans med fortrolla julesveinar, sjølv blitt fortrolla og gløymd respekten både for seg sjølv, lesarane og for høgtida»

Utover på 1800-talet, blir folk si oppfatning av  julasveinane  mildare, og ein tar til å tvila på om dei eigentleg  er barna til heksa Gryla, og om dei er slike fæle menneske-etarar som folketrua seier.

Også måten dei blir attgjevne i  bilete endrar seg, frå å likna på trolla i eventyra til å bli meir menneskelege, men framleis med litt skummel, innful og lur utsjånad.

Julasveinane kom i skinnbåtar, ikkje i slede

Kor kom dei så frå når dei vitja «sivilisasjonen» i julefaste-tida ?

I folketrua kunne dei islandske julenissane koma frå mange ulike stader, til og med frå Finnmark i Noreg eller frå Grønland, og dei kom ikkje i slede, men i skinnbåtar, skitne og svarte med klør til fingrar og tær. Det er alltid snakka om fleire julesveinar, ikkje berre ein, som elles i Europa. Første kjelda som oppgjev eit tal på sveinane, er ei skrift frå 1700-talet, og der blir talet 13 nemnd. Dette talet har halde seg heilt fram til vår tid. Dei har alle namn, og dei har alle sin faste dag dei kjem før jul, og namnet seier litt om kva rampestrekar dei fer med når dei kjem. Slik er den islandske julekalendaren:

12. des.  Stekkjastaur = Trefot

13. des.  Giljagaur = Skumsleikjar

14. des.  Stufur = Småen

15. des.  Tvørusleikir = Sleivesleikjar

16. des.  Pottaskefill = Gryteskrapar

17. des.  Askasleikir = Traugsleikjar

18. des.  Skyrjamaur = Skyr-smattar

19. des.  Hurdaskellir = Dørsmellar

20. des.  Bjugnakrækir = Pølseknabbar

21. des.  Gluggagægir = Vinduskikkar

22. des.  Gattatefur = Storsnusar

23. des.  Ketkrokur = Kjøtkroken

24. des.  Kertasnikir = Kjerte-(lys-)snikar  

Vel, nok om skumle julenissar ! Island har og andre juletradisjonar som kan vera verde å nemna, til dømes når det gjeld mat.

«Hangikjøt» med sauemøk som brensel

Medan andre nordiske land slakta julagrisen til høgtida, slakta islendingane julaveren, uansett kva kjønn sauen var, og kjøtet av dette slaktet blei til noko av det beste du kan få servert på Island, uansett kva tid på året det er. Eg tenkjer her på «hangikjøt» eller opphengd kjøt,dvs. kjøt som har hange i røykerom og blitt røykt. Og skal det vera absolutt førsteklasses, med beste smak, må det vera «taðreykt», dvs. røykt med tørka sauemøk som brensel. Og dette må du sjå etter i hyllene i delikatessebutikkane, viss du er på jakt etter verkeleg god, islandsk tradisjonsmat til jul! Noko av fårekjøtet bør du setja av til «islensk kjøtsúpa», det beste du får av supper, uansett tid på året.

Hangikjöt, en delikatesse til jul! en Foto: islensktlambakjot.is

Den islandske julematen  kan og vera ryper. Før var dette på mange gardar sjølvsagt  som julemat, men ikkje no lengre. Det har minka på rypene, og sist haust var det berre  sett av tre helgar over heile  landet til rypejakt, og slikt blir det ikkje mykje julemat av.

Då var det annleis for ti år sidan, då eg var på rypejakt med eit søskjenbarn. Me hadde vore inne på ein kafe ein kveld etter jakta, i ein by på nordvest-landet, Buaðardalur, og fått oss middag, og kom ut for å ta kvelden på hotellet vårt, då me fekk sjå nokre vesen spankulera framfor oss på fortauet, på veg frå oss. Eg trudde først det var ein flokk høns, men Solmundur, fetteren min, kunne raskt konstatera at det var ein flokk ryper som var på  bybesøk. Me hadde fått vårt denne dagen, og tenkte at me kunne spara desse til neste dag, så me lot dei «vandra vidare», men artig var det.

Kan de ikkje prøva pinnekjøtt då …..?

Som ein del av dei islandske juletradisjonane kan eg nemna svið = smalahove, hákarl = haien håkall, som har gjennomgått ein gjæringsprosess,og som både luktar og smakar….meget spesielt. I tillegg kjem Shrútspungur = vertestiklar lagt i myse, leverpølse, harðfisk = tørrfisk og bloðmør = blodpudding, dessutan bakverk som laufabrauð og kleinur, som minnar om smultring. Ein del av dette inngår også i juletradisjonane, men dette er først og fremst mat som blir sett fram når islendingar feirar þorrablot.

Spør du ein islending i dag kva han og familien et som julamat, vil nok nokon svara «hamborgar-rygg», altså røykt svinerygg, men svært få vil svara torsk eller annan fisk, og ingen vil svara pinnekjøt !

Er det ikkje merkeleg, i eit land med 4-500 000 tusen sauer, at pinnekjøt ikkje har ófenga ? Eg har spurt og spurt, men får berre hovudristing og litt svevande svar; «Det er ikkje tradisjon». «Ja, men kan de ikkje prøva, då …..?» «Nei, du veit, det er dette med tradisjon». Då må eg jamen tenkja  på alt det andre dei et, som og sjølvsagt er tradisjon. Eg har prøvd det meste av dette, til dømes det som kallast «þorramat», mat som blir brukt til den årlege «þorrafesten», i månadskiftet januar/februar. Frå gamalt av var dette ei markering av  midtvinter, etter den gamle islandske kalendaren, då den hardaste tida var over, og dette måtte sjølvsagt feirast.

500 000 sauer, men pinnekjøtt er ikkje tradisjon. Foto: Anastasiia Chepinska / Unsplash.

Islendingene måtte improvisera julatre

Men kva med julatreet i stova, i eit land me her i Noreg har lært at det ikkje fantest skog ….? Dette viktigaste symbolet på jula i verda, og som – i alle fall her i Norden – kanskje kan førast heilt attende til Yggdrasilsasken i norrøn mytologi, og attende til mistelteinen i England.

Her måtte islendingane improvisera, for dei ville og gjerne inn i denne tradisjonen, som dei såg danske embetsmenn hadde tatt med seg heimefrå, med danske grantre. Då var det å finna ein høveleg lang staur og bora hol for pinnar eller greinar frå rogn og bjørk, viss det kunne oppdrivast, mala dei grøne og setja på vokslys. Vanleg i kvar heim var dette slett ikkje, men etter kvart som skogplantinga kom i gang for alvor, med god hjelp frå norske ungdomar som drog på skogplanting til Island, også frå Fitjar,så kunne byar og tettstader reisa eit julatre for heile byen eller bygda. Jula 1952 var eit merkeår þfor julatretradisjonen på Island, for då fekk Reykjavik eit stort julatre i gåve frå Oslo, som blei sett opp på Austurvøllur, rett framfor Alltingshuset. Fitjar blei og ein del av denne fine tradisjonen då Fitjar blei venskapskommune med kommunen Njardvik i 1979. Då sende Fitjar julatre som blei reist i sentrum av byen, og treet blei nøye plukka ut ved hjelp av Ove Gjerde, som var skogreisingsleiar på den tida. Denne tradisjonen gjekk ut då venskapssambandet vart avslutta då Njardvik blei samanslått med to andre kommunar til det som i dag heiter Reykjanesbær, som er den kommunen du landar i når du kjem med fly til Island.

Tradisjonen med julatre på Island kom i gang for alvor, med god hjelp frå norske ungdomar som drog på skogplanting til Island. Historien om skogplantingen kan du lese om i den ferske boka "Frender Feirer Skogen".

Gleðileg jól med odør av «død og fordervelse».

La meg avslutta med dagen før dagen, litle julaften,då dei på Island feirar þorlaksmessu, etter  biskopen Thorlakur Thorhallson, som døydde 23. desember 1193, og seinare vart kanonisert, utropt til helgen av paven. Denne dagen skal feirast med det som smakar best, men luktar verst, av all islandsk tradisjonsmat….uansett høgtid ! Det luktar så sterkt, og mange vil seia vondt, at fleire og fleire islendingar har slutta å koka det heime. Men dei rett og slett må ha det, og difor står dette på menyen på alle restaurantar i Reykjavik litle julaften. Det er gravet skate; skate som har gått gjennom ein gjæringsprosess  tilsvarande  ha’karlen, men som sender ut en odør som overgår haien fleire hakk!

NO er islendingane klare til å feira jul !

Gleðileg jól !

Relaterte artikler

Nyhetsarkiv