Møtte moskus på veg til jobb

Sommeren 2019 dro norske Gunnvor til Grønland med Nordjobb for å jobbe på hotell. Nå deler hun sine beste bilder, opplevelser og erfaringer fra sommerjobben.

Bli medlem i Foreningen Norden!

Eg reiste til Grønland for å bli kjent med eit land som eg har høyrt ein del om, men som eg likevel visste veldig lite om. Då Grønland kanskje ikkje er den enklaste plassen å reise til, synst eg det var veldig fint å kunne finne seg jobb der gjennom Nordjobb.

Eg fekk jobb i reinhaldsavdelinga på flyplasshotellet i Kangerlussuaq, og jobba der i tre månader. Sjølv om jobben var tung, hadde eg eit heilt fantastisk opphald i Kangerlussuaq. Kollegaane var veldig hyggelege og imøtekomande. Mange av dei kunne berre snakke grønlandsk, men det var ikkje til hinder for eit godt arbeidsmiljø. Eg hadde det og veldig triveleg utanfor arbeidstida. Totalt var vi 13 stk. som hadde fått jobb der gjennom Nordjobb, og som budde saman. Det var difor alltid nokon å vere med på fritida, sjølv om vi hadde veldig ulike skift.

At byen var så liten gjorde det og veldig enkelt å kome i kontakt med dei lokale. Alle vinka til alle når ein køyrde forbi, og når nokon skulle feire noko (bursdagar, første skuledag osb.), blei heile byen invitert på kaffi og kaker.

Generelt er naturen veldig tett på byane i Grønland, noko som og var tilfellet i Kangerlussuaq, så mykje av fritida gjekk med på å springe på fjellet, ta turen til innlandsisen, eller reise på fisketur med kollegaar. Det er og gode moglegheiter til å sjå moskus og reinsdyr i området. Synst det var litt kult å sjå moskus då eg sykla til jobb. Like kult var det ikkje når eg ana fred og inga fare ute på tur, og plutseleg stod berre nokre meter i frå ein.

Nordjobb arbeider for å øke mobiliteten mellom de nordiske landene og for å forbedre språkkunnskaper og kulturforståelse i Norden.

Nordjobb har siden 1985 gitt unge mellom 18 og 30 år muligheten til å oppleve et nordisk land i sommerhalvåret ved å formidle sommerjobb, bistå med losji og tilby et gratis kulturprogram for deltakerne. Nordjobb gir nordjobbere og arbeidsgivere mulighet for å bidra til et fleksibelt, samlet nordisk arbeidsmarked.

Les mer om hvordan du kan søke til Nordjobb!

Relaterte artikler

Nyhetsarkiv